|
|
| |
Behov for hjelp etter Dagmar sine herjingar ?
Romjulsorkanen var ikkje nådig i distriktet vårt og mange skadar på skog, bygningar og infrastruktur er resultatet. Stryn Trekultur har flinke og allsidige handverkarar som kan trå til på fleire type jobbar. Har du takstein som skal på plass, veggar som skal byggast opp igjen, tre som skal ryddast vekk eller andre ting du treng hjelp til så ta kontakt. Telefon 948 29 313 eller på e-post: post@trekultur.no
|
Stryn Trekultur har ved sidan av å vere nystarta forhandlar av Murgaardhus spesialisert seg i levering av store og små hytter i Indre Nordfjord. Våre siste prosjekt har variert frå små 50 kvadrat hytter til store oppstovehytter på rundt 180 kvadratmeter. Utvendig og innvendig utførelse blir tilpassa kunden sine ønskjer. Vår mest vanlege levering er med ståande stavlaftkledning i 1. etg og liggande tømmerkledning på oppstover og gavlveggar. Invendig har vi fått laga ein tømmerkledning som med vår spesielle hjørneavsluttning har blitt veldig godt likt av våre kundar.
For dei som ønskjer ei reisverkshytte utanom det vanlege kan vi levere hytta med utsjånad som laftahytte. Denne blir laga med lafteknutar utvendig og kledning som ser ut som laft. Ser flott ut utvendig og er godt isolert og varm innvendig. Ta kontakt for å få dine hytteplanar realisert. Har du eigne skisser og idear hjelper vi deg vidare til ferdige teikningar og hytte. Er det anneks eller garsje du har bruk for skal vi kunne hjelpe deg med det også. Vi tar gjeren ideen din frå teiknebordet til nøkkelferdig prosjekt.
 
|
Les meir under byggeaktivitet om prosjekta vi holder på med.

|
|
|
|
|
|